Rise Familieterapi


Go to content

Par i 30årene Mannen

Tilbakemeldinger

Eg og kånå kan no feira 10 års bryllaupsdag og sjå tilbake på nokon utfordrande år som har lært oss mykje både om kvarandre og om kven me sjølve er. Det er på ingen måte sjølvsagt at me er komne hit me er i dag.

For fem år sidan hadde me eit vanvittig travelt år: Eg hadde brukt kvar ledige stund til å arbeida med det nye huset me bygde, mens kona gjekk heime åleine med vår førstefødte. Me gleda oss svært til å flytta inn i det nye huset – no skulle alt bli bra. –Men det vart det ikkje... Innflytinga vart ein nedtur av dimmensjonar. Me hadde nok ant konturane av nokon problem tidlegare – men no vart det brått tydeleg at problema hadde fått vakse seg store i skjul av avstand og travelhet i løpet av det året der me så vidt møtte kvarandre i døra...

Me sat med kvar vår oppfatning av kva årsakane til problemet var og av i kva retning løysinga låg. –Men me hadde i det minste ein vaklande enighet om at det var nok på tide å prøva å søkja hjelp. Og Egil viste frå første timen ein fantastisk evne til å sjå og møta oss begge. Me opplevde at han kunne sjå problema frå begge sine sider utan å ta parti. Og han måtte til tider jobba hardt for å unngå at ein av oss (oftast eg) skulle få mulighet til å stilla seg på hans parti.

Eg har alltid vore ein problemløysar. Eg ser knapt problem, berre utfordringar. Og eg har ein relativt solid arbeidskapasitet. I løpet av samtalane med Egil innsåg eg etter kvart at nettopp dette var noko av problemet frå mi side: Mine problemløysingsstrategiar – same kor fruktbare og konstruktive dei kunne sjå ut – var like fullt eit partsinnlegg i konflikten med kånå: Når eg trengte meg på og ville snakka om, analysera og prøva å leda an mot ein viss grad av felles forståelse av ein eller annan konfliktsituasjon, så stengte kånå berre meir og meir av. – Det var ikkje fordi ho ønska avstand, men fordi det eg kom med var mitt perspektiv, same kor mykje eg greidde å inbilla meg sjølv at det var «nøytrale» strategiar. Og min arbeidskapasitet og trang til å hjelpa gjorde at eg overkjørte kånå på ein måte som eg aldri ville funne meg i dersom me hadde bytta roller.

Egil er ein person som lyttar og som hugsar det han høyrer og ser. Ein som reflekterer, filosoferer og stiller kritiske spørsmål. Ein som ikkje er redd for å prøva ut nye tankar. Han er ein tydeleg samtalepartner som aldri gløymer at han er terapeut. Involvering og distanse er to stikkord som passar bra: Han er oppmerksom og interessert. Han kan bli tydeleg berørt – men er samtidig heilt klar på at det er vårt problem. Han er aldri i nærleiken av å overta problemet på sine skuldre.

På bakgrunn av refleksjonane me gjorde oss i lag, fann eg etter kvart fram til nokon nye strategiar som var langt meir fruktbare enn dei eg hadde då eg kom. Eg begynte å «halda fingrane meir av fatet» – la kånå slåss med sine problem utan å prøva å overta dei, visa veg eller styra. Eg begynte å ta litt meir vare på meg sjølv – i staden for å berre fokusera på å strekka meg så langt som overhodet mulig for å prøva å berga ekteskapet. Og eg gjorde eit valg om å vera bevisst på å stadig flytta fokus frå «store problemer å finna løysingar på» til «små gleder å plukka med seg».

Plutselig ein dag var tilliten og fellesskapet tilbake mellom meg og kånå. Det kom som lyn frå klar himmel etter tre år med blodslit. Det var ein vanvittig opplevelse.

Det var heilt avgjerande for dette at me møtte Egil. Glimta frå vår veg og mine endringar er ikkje nokon oppskrift på ein snarveg. Det er nokon glimt frå «the long and winding road»: Egil tek ikkje snarvegar. Han leitar etter kjernen for å bidra til varige endringar. Dersom me hadde møtt ein terapeut som fokuserte på teknikkar som kunne gi raske symptomforbedringar, kunne me nok kanskje fått ein mykje raskare opptur. – Og etter å ha takka for hjelpa og avslutta terapien hadde me fått det «rett i fleisen igjen». Då hadde det neppe blitt nokon 10 års bryllaupsdag. I alle fall ikkje ein 10 års bryllaupsdag i takknemlighet over den vegen eg og kånå nå har gått i lag.

Om meg | Kontakt | Parterapi ? | Ressurser | Tilbakemeldinger | Samlivskurs | Artikler | Site Map


Back to content | Back to main menu